Kjøp og selg brukt hos oss

Vi vil gjere gjenbruk inspirerande og tilgjengeleg for fleire 🌟

Vi trur på å skape butikkar der du får lyst til å handle brukt. Ikkje av plikt, men fordi det er kult, innbydande og fullt av moglegheiter.

I dag kan du handle hos Poden & Boden i Førde og i Sogndal, og fleire lokasjonar er på veg. Vi trur på ingen måte at vi er løysinga aleine. Men vi trur at vi kan vere med å dra i riktig retning ved å gjere gjenbruk inspirerande, enkelt og nært.

For vi syns det er heilt vilt (les: kvalmt) at vi allereie har nok tekstilar på kloden til å kle dei neste sju generasjonane👕

Berekraft i alle ledd

For oss er berekraft ikkje berre noko vi snakkar om, det er sjølve grunnsteinen i alt vi driv med. Vi bygger butikkane av gjenbrukt materiale, og då snakkar vi alt frå butikkinnredning til alarmsystem og kleshengarar. Målet vårt er at vi ikkje skal måtte produsere noko nytt for å bygge butikk ♻️

Berekraft handlar òg om folk. Vi har tilsette som har sin første jobb, er i arbeidstrening eller språktrening gjennom NAV,  eller har praksis gjennom skule. Vi trur på eit inkluderande arbeidsmiljø og vil bidra til at fleire får plass i arbeidslivet.

Slik bidreg vi til FN sine berekraftsmål

  • Mål 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Mål 12 – Berekraftig forbruk og produksjon
  • Mål 17 – Samarbeid for å nå måla

Mål og visjonar 

Vi skal gjere gjenbruk inspirerande og tilgjengeleg for alle. Derfor har vi satt oss som mål om å bygge verdas vakraste kjede for bruktbutikkar.

Samarbeid

Vi vil meir enn gjerne samarbeide med bedrifter og enkeltpersonar som deler same verdiane som oss. Ta kontakt med oss om smått og stort. Vi er med på alt som er gøy og/eller givande.

Foredrag

Vi er ekstremt gira og engasjerte i det vi held på med, og vil meir enn gjerne snakke om det på ei scene. Ta kontakt om du vil høyre oss snakke om tekstilindustrien, gründerskap eller reisa vår med Poden & Boden. 

Vil du starte din eigen Poden & Boden? Då vil vi gjerne høyre frå deg 💚

Illustrasjon to venner-01
Scroll to Top