Meny

Meny

Leigeprisar

  • 1 veke / 5 dagar 275 kr
  • 2 veker / 10 dagar 500 kr
  • 3 veker / 15 dagar 720 kr
  • 4 veker / 20 dagar 950 kr

Vi tar 21% provisjon av salet. 79% blir utbetalt til deg 💰

Inkludert i leiga

Ved oppsetting av bod tilbyr vi:

  • Kle- og buksehengarar
  • Tjuverialarmar
    (for tekstil over 100 kroner)
  • Prisetikettar
  • Steamer

Andre tenester

Opp- eller nedrigg: 150 kr
Vi tilbyr både å henge opp og pakke ned boda di for deg.

Alt inkludert: 600 kr
Kom innom med opp til 40 varer, så fiksar vi alt frå prising, opprigg, påfyll og nedrigg for deg. 

Pris for leigeperiode kjem i tillegg.
Påfyll under leigeperioden: 200 kr

Vilkår og retningslinjer

Poden AS er ein tilretteleggar for sal av brukte klede, leikar og utstyr mellom privatpersonar. Du som enkeltperson kan leige stand for å selje eigne varer i butikken vår, Poden & Boden. 

NB: Ein person over 18 år må stå som ansvarleg for leigeavtalen.

Leige av bod

Du leiger standplass gjennom eit bookingssystem på nettsida https://podenogboden.no. Systemet er utvikla og levert av danske WeCircle.

For å tinge stand må du opprette ein brukarkonto. Du er sjølv ansvarleg for å gje korrekte opplysningar. Det er ikkje lov å bruke andre sine betalings- og kredittkort. Påloggingsinformasjonen du får ved registrering er personleg. Du er sjølv ansvarleg for all bruk gjort med denne informasjonen.

Dersom du mistenker at påloggingsinformasjonen din blir misbrukt, må du umiddelbart endre passordet ditt og ta kontakt med Poden AS. 

Du leiger stand hos Poden & Boden gjennom nettsida www.podenogboden.no. Du bestemmer sjølv lengda på leigeperioden. Betaling skjer på førehand via betalingsintegrasjonen på nettsida. Pris for leige av stand finn du på nettsida.

Vi tilbyr tenesta “Alt inkludert”
Kom innom butikken med opp til 40 varer, så fiksar vi alt frå prising, opprigg, påfyll og nedrigg for deg. 

Tenesta kostar 600 kr. P
ris for leigeperiode kjem i tillegg.

Ønsker du å fylle på med varer under leigeperioden kostar dette 200 kr.

Dersom det er ledig kapasitet kan du forlenge leigeperioden. Det gjer du på «Min butikk» på nettsida enten før eller under leigeperioden din.

Ved leige av stand i Poden & Boden har du 14 dagars angrerett frå bestillingsdato. Bestiller du hylleplass der leigeperioden har oppstart kortare enn 14 dagar fram i tid etter leiga vart stadfesta, gjeld ikkje angreretten.

Angrerett fell frå ved bestilling av stand direkte i butikken gjennom drop-in.

Om du vil nytte angreretten må du kontakte Poden AS skriftleg. Det må komme tydeleg fram i meldinga at du vil nytte angreretten. Varsel om angreretten gjeld frå motteke melding.

Oppsett av stand

Seljar kan henge opp varer i butikken 1 time før stengetid dagen før leigeperioden startar, eller same dag som leigeperioden startar. Dersom du ikkje kan møte opp innan første leigedag, må du ta kontakt med Poden & Boden direkte. Ved manglande oppmøte og tilbakemelding har Poden AS rett til å leige ut standen utan refusjon. 

Poden & Boden tilbyr kleshengarar, buksehengarar, tjuverialarm (til tekstil over 100 kroner), prisetikettar og steamer til seljarane. 

Unngå å overfylle standen. Fyll heller på gjennom leigeperioden. Det er mogleg å låne lagerplass til ekstravarer som du vil fylle i hylla di gjennom leigeperioden. Lagerplass er inkludert i leiga. 

Det er ikkje lov å skru fast noko, teikne eller gjere varige endringar på standen. Du skal berre plassere varer i din tildelte stand. 

Poden AS har rett til å fjerne feilplasserte varer utan varsel. Vi kan også flytte varer til «temahyller» for å auke salet. 

Alle varer som blir selt gjennom Poden & Boden blir registrert i systemet på nettsida. Ved registrering er det viktig med ei enkel skildring av vara for å unngå svindel. Skildringa skal innehalde merke, storleik, farge, pris og gjerne kjenneteikn. Denne skildringa kan også vere nyttig for seljar for å kjenne igjen produktet gjennom «Min butikk». 

Alle varer må vere merka med prismerke og strekkode som blir utdelt ved oppsetting av hylla.

Alle varer i butikken skal vere heile og utan manglar. Varer med skjønnhetsfeil er lov, men merk det på prislappen og pris vara deretter. 

Det er ikkje lov med:

  • Defekte leikar, utstyr eller elektronikk som har vesentlege manglar
  • Varer med skjulte feil og manglar
  • Varer som viser seg å vere piratkopiar


Dersom ein kunde nyttar seg av angreretten innan 7 dagar grunna eit av punkta over, vil salet bli tilbakeført og motrekna eigar av hylleplass sitt sal.

Under leigeperioden

Du kan følgje med på salet ditt i «Min butikk». Dersom du vil fylle på med varer, må du registrere dei i «Min butikk» på nettsida, og fysisk henge opp varene i butikken. Ta kontakt med våre tilsette for utlevering av prisetikettar. 

Når du leiger ein stand hos Poden & Boden får du alarmar til alle tekstil over 100 kroner. Tjuveri vil bli politimeldt. Poden AS står ikkje ansvarleg ved tjuveri, øydelagde eller mista varer. Poden AS står ikkje ansvarleg eller erstatningspliktig ved brann eller vasskade. 

Seljar er sjølv ansvarleg for varene i eigen stand. Varer som er upassande for ein butikk med barneavdeling, er ikkje lov å selje hos Poden & Boden. Brot på dette vil føre til fjerning av gjeldande varer utan varsel. Spør våre tilsette dersom du er i tvil.

Poden & Boden har rett til å fjerne varer som er illeluktande, holete, skitne eller uhygieniske, utan varsel. 

Det er ikkje lov å drive marknadsføring av andre varer enn dei du sel gjennom hylleplassen, utan avtale. 

Dersom du vil endre pris på ei eller fleire varer undervegs i leigeperioden, kan du ordne det i «Min butikk» på nettsida. Hugs å kom innom butikken for å få ny prisetikett til den respektive vara. Det er berre mogleg å prise ned ei vare. Dersom du vil heve prisen, må du legge inn vara på nytt.  

Du kan velje å ha sal på heile standen din. Då kan du velje mellom 25 % rabatt eller 50 % rabatt. Det kan du legge inn på «Min butikk» under «Bookingar». Poden & Boden får automatisk varsel om dette, og heng opp rabattskilt kvar morgon ved opningstid. Rabatten gjeld seinast frå dagen etter registrert rabatt. 

Varer utan prisetikett eller som «dukkar opp» i butikken, vert plassert i «hittegods». Sjå innom der dersom du manglar varer etter at leigeperioden er over. 

Varer utan prismerking blir oppbevart i 14 dagar. Deretter står Poden & Boden fritt til å donere eller selje varene som sine eigne. 

Etter leigeperioden

Når leigeperioden er over, må du sjølv komme til butikken for å pakke ned standen din. Det må skje seinast 1 time før stengetid siste dag i leigeperioden. 

Før du begynner nedpakkinga må du vise legitimasjon til ein av våre tilsette. Dette for å sikre at det er riktig person som tek med seg dei resterande varene heim. 

Dersom du ikkje har moglegheit til å pakke ned hylla di, kan du bestille nedpakking av Poden & Boden mot ein kostnad på 150 kroner. Ta i så fall direkte kontakt med oss for å avtale. Dette må avklarast seinast klokka 14 dagen leigeperioden er over. Ved manglande nedpakking utan avtale, tar vi eit gebyr på 300 kroner for å pakke ned varene for deg. Eventuelle gebyr vil bli trekt frå seljar sin forteneste før utbetaling.

Poden & Boden oppbevarer varene i opptil 48 timar etter leigeperioden er ferdig. Dersom varene ikkje blir henta innan desse 48 timane, vil Poden & Boden overta eigarskap til varene. 

Poden AS tar 21 % provisjon av salet. Den resterande summen vil bli utbetalt til den bankkontoen du har lagt inn. 

Vi utbetalar to gonger i månaden. Sal frå 1. til 15. vert utbetalt den 30. same månad. Sal frå 16. til 31. vert utbetalt den 15. påfølgande månad. Dersom utbetalingsdatoen fell på helg eller helgedag, vert fortenesta utbetalt førstkommande bankdag. 

Kjøpsvilkår

Poden AS er ein tilretteleggar for sal av brukte klede, leikar og utstyr mellom privatpersonar. Det er ikkje angre- eller byterett på kjøpte varer.

Unntak er:

  • Defekte leikar, utstyr eller elektronikk som har vesentlege manglar
  • Varer med skjulte feil og manglar
  • Varer som viser seg å vere piratkopiar

Om kjøpt vare fell under unntaka, kan vara bli tatt i retur. Retur av unntaksvarer må skje seinast ei veke (7 dagar) etter kjøp.

Ifølgje norsk reklamasjonsrett på 2 år fell ikkje Poden AS under ordninga grunna bruktvarelovgjevnaden. Det er difor ikkje reklamasjonsrett på kjøp gjort i Poden & Boden.

Poden AS vil ikkje avsløre informasjon om brukarar av våre tenester, med mindre det er nødvendig for å gjennomføre ein transaksjon. Du vil då bli opplyst om det i forkant.

Poden AS nyttar PensoPay som leverandør for vår betalingsløysing på nett. Les om korleis dei ivaretar ditt personvern på nettsida deira her: https://pensopay.com/more/consumer protection/

I Poden & Boden er det berre mogleg å betale med kort. Vi tek dessverre ikkje imot kontantar. 

Andre vilkår

Forretning gjennom stand
Om du ønsker å drive forretning gjennom ein stand er du velkomen til det, men er sjølv ansvarleg for å rapportere korrekte opplysningar til Skatteetaten. Har du intensjon om å drive forretning ved leige av stand må dette avtalast med Poden AS på førehand.

Tilpassingar og endringar
Poden AS har rett til å endre gebyr og andre vilkår for tenesta. All endring må varslast seinast 30 (tretti) dagar før endringa trer i kraft. Ved endring har du rett til å seie opp tenesta frå den dagen endringa trer i kraft. Dersom du ikkje seier opp tenesta før endringa trer i kraft, blir det sett på som aksept på endringa. 

Endringar som er klart fordelaktige for brukar av tenesta, gjev ikkje oppseiingsrett. 

Scroll to Top